Tilbake

Dokumentært om synsk hjelpar

Framleis er synske menneske elt fenomen som vitskapen meiner minst mogleg om. Vitskapen er ute etter forklaringar. Finn han ikkje forklaringa, har vitskaplege miljø ein tendens til å oversjå fenomenet - eller oppfatte det som humbug. Derfor er det ikkje forskarane frå universitet og høgskular som dokumenterer dei forbløffande opplevingane som folk har hatt med synske eller clairvoyante menneske, men amatørskribentar, journalistar og spesielt interesserte.

Lodvar Kaarstad har budd på garden Øvre Riste i Lomen sidan konfirmasjonsalderen. Han kom dit som unggut etter at foreldra hans døydde og fekk lovnad på å bu der så lenge han levde. Og Kaarstad vart verande - som eit kjært medlem av familien og som ein flittig slitar på garden gjennom heile sitt liv.

Sunnmøringar vil kjenne Kaarstad blant anna som han som dirigerte jakta etter gull og gamle vikingskip den store skattejaktsommaren i Hjørundflorden for ti år sidan. Akkurat det viser lite att i boka. Så var jo resultatet også ganske magert. Men boka er full av brev og vitnemål frå truverdige personar som dokumenterer at Lodvar Kaarstad ser ting som er skjult for oss andre.

Torstein T. Røyne har først og fremst lagt vekt på å samle inn kunnskapen før Lodvar Kaarstad sjølv og dei som hugsar han blir borte. Intervjua er skrivne ut etter lyd- og videoband ord for ord. Takkebreva er også ordrett attgjevne. Dette svekker kanskje boka som lesestoff, men det aukar nytten av boka som nøyaktig dokumentasjon. Og det kan det bli god bruk for - om norske forskarar ein gong framtida skulle overvinne frykten for dette fenomen dei ikkje forstår.

Kjetil Tandstad Sunnmørsposten